STAUDER TIL ANLEGG
 
Kravet til dagens plantingar innan offentleg grøntareal, er at dei skal vera mest mogeleg vedlikehaldsfrie, men likevel ha stor opplevingsverdi for brukar.
Biletet viser ulike rosa og kvit Eupatorium.
I framkant Geranium x magnificum. Denne blømer i juni/juli.

 

Ein høyrer gjerne at bruk av stauder fører til meir arbeidskrevjande plantingar. Dette er ein myte me ynskjer gripa tak i. Mange av staudene våre har absolutt sin plass i offentleg anlegg.

Både p. g .a. mangfald og livskraft, men og fordi mange stiller små krav til vedlikehald. Med tanke på å unngå etablering av frøugras, er særleg dei storblada staudene aktuelle. Stauder med store blad eller tett, kraftig bladvekst, slepp så lite lys til marka under, at frøugras ikkje spirer. Mange stiller heller ikkje krav til deling eller klipping. Desse staudene har ein rask tilvekst. Samanlikna med buskar, får ein i mange høve ei raskare etablering og tett plantedekke.

Me har her teke ut 20 stauder ( 20 på topp) som høver godt til anlegg. Desse har svært små krav til vedlikehald. Likevel, ein føresetnad for å få eit vellukka resultat, er at ein kjenner til kva krav dei ulike plantene har til vekseplass, og sist, men ikkje minst, jorda må vera fri for rotugras!

 


Råd om planteavstand

Stauder i anlegg

Krav om vedlikehald

Krav til vekseplass

Bruksområde

Hvordan få vellykka plantingar

Referanseanlegg

20 på topp 

-> HOVEDSIDA