Ljono Stauder
5730 Ulvik
tlf: 56526597
fax: 56526417
e-post: post@ljono.no
hjemmeside: www.ljono.no
Ljono Stauder er ei familiebedrift
som produserer stauder til bruk for ulike kundegrupper.
Største del av produksjonen vår går til offentleg anlegg.
Kundegrupper innan dette feltet er:
kommunar, vegvesen, anleggsgartnarfirma, bustadstiftingar og liknande.
Dei siste åra har me og produsert og levert planter til hagesentermarknaden.
Me har og ein produksjon av pluggplanter for vidareproduksjon.
Dei som ynskjer å koma på besøk, er hjarteleg velkomne! Ring
for avtale.
Gartneriet ligg på garden vår
i Ulvik. I tillegg til planteproduksjon, har me sauer, hundar og hestar.
Ulvik ligg inst i ein fjordarm av Hardangerfjorden. Klimaet for dyrking av planter
er framifrå. Indre
fjordklima, varme somrar og vintrar med stabilt snødekke.
Me leverer planter over heile Sør-Noreg. Godt transportnett gjer at me
kan senda planter dagleg.
Me arbeider kontinuerleg med å finna gode ordningar for transport som
stettar krav om sikker
leveranse til ein lågast mogeleg kostnad.
Ljono Stauder har lang erfaring i
produksjon av planter frå norsk natur. Det er engplanter,
skogsplanter og våtmarksplanter. Me samlar sjølve inn materiale
frå naturen rundt, frø eller
stiklingar, og produserer nye planter. Desse plantene vert berre produsert etter
tinging.
Gartneriet vårt er eit av dei
få som produserer ein del av sortimentet som pluggplanter. For
utplanting vert desse produsert som skogplanteplugg type M60. Alle naturfloraplanter
vert
produsert i dette systemet, også ein del av våtmarksplantene. Også
nokre eigna sorter til
anlegg kan leveras som plugg M60. Les meir om dette under dei ulike menyane.