|
- Jorda må vera fri for
rotugras før ein plantar. Dette er eit absolutt krav når
ein skal planta stauder. Ein plantar desse så tett, at det er
uråd å gå over med flekksprøyting etter planting!
Korleis gjera eit godt førearbeid med tanke
på fjerning av rotugras?
- Utan bruk av ugrasmiddel: Fjerna 30 cm. av det
øvste jordlaget, deretter fyller ein på med ny ugrasfri
jord. Lat plantebedet vera litt høgre enn området rundt.
- Med bruk av ugrasmiddel: Brakking/ sprøyting
med Roundup, to omgangar. Ved denne metoden vil ein få ein heil
del spiring av frøugras.
- Viktig å fjerna frøugraset før
dette får bløma. I etableringsfasen må ein ta frøugraset
på alvor, fjerna dette før frødanning! Ved tett
planting av kraftigveksande stauder, vil ein få tett dekke i løpet
av andre vekstsesong.
- Rett vekst på rett stad. Ta omsyn til kva
krav plantene har til lys og jordråme, tabell
- Velja planter med god dekkevne, 20
på topp
- Tett planting. Det svarar seg ikkje å spara
på plantekostnaden ved å planta med stor planteavstand.
Då går det for lang tid til tett dekke; vedlikehaldskostnader
i form av ugrasarbeid vert store. Det er viktig at etableringsfasen
er kort, tabell planteavstand
|